Konserten arrangeres i samarbeid med Bergen Jazzforum og finner sted torsdag 24 oktober på Sardinen, USF Verftet. Billetter i salg fra tirsdag 13. august på billettservice.no. Resten av programmet offentliggjøres i september.

Eliane Elias er ein av dei mest særprega pianistane som har kome fram på den internasjonale jazzscena dei siste tiåra. Med sterke musikalske røter frå oppveksten i Brasil og grundig klassisk skolering kom ho inn som eit friskt pust i den amerikanske jazzverda på byrjinga av 80-talet, då ho eit par og tjue år gammal slo seg ned i New York og snart tok over pianokrakken i supergruppa Steps Ahead. Deretter tok det ikkje lang tid før ho gjekk vidare med ein solokarriere som jazzpianist der ho raskt markerte seg som ein sterk personlegdom med ei utprega lyrisk åre. Men ho har stadig vore i stand til å overraska sitt publikum med nye innfallsvinklar.

Til Bergen kjem ho denne gongen med ein klassisk akustisk pianotrio, i samspel med bassist Marc Johnson, som burde vera velkjent for dei fleste, og trommeslagar Maurício Zottarelli, som opphaveleg kjem frå Brasil, men forlengst har etablert seg i toppsjiktet av New Yorks omfattande miljø for jazzinfluert latinmusikk.

I si lange platekarriere har Eliane Elias levert viktige bidrag til den instrumentale bossatriotradisjonen, ikkje minst med den ytterst smakfulle plata “Eliane Elias plays Jobim” som kom i 1990, der ho i selskap med amerikanske toppmusikarar skaper eit vakkert og kreativt møte mellom den brasilianske tradisjonen og eit moderne amerikansk jazzuttrykk, krydra med smakfulle og raffinerte reharmoniseringar av Jobim sine låtar.

Sidan slutten av 90-talet har ho markert seg stadig sterkare som vokalist i god bossa nova-tradisjon, men ho syng både på portugisisk og engelsk alt etter kva situasjonen krev, samstundes som ho fargelegg uttrykket med sitt utsøkte pianospel. Sjølv i nokså poporienterte vokallåtar, treng ho berre nokre få taktar med pianosolo for å visa at ho er ein av tungvektarane i den moderne jazzpianoverda.

I løpet av si platekarriere har ho utforska mange ulike besetningar, alt frå solo og duospel (med Herbie Hancock), via tradisjonelle akustiske trio-, kvartett eller kvintettformat til storband og gjennomprodusert studiosound med moderne poppreg.  Med stort hell har ho heile vegen veksla mellom eigne komposisjonar og smakfulle og originale versjonar av andre komponistar sitt materiale.

Hennar grundige klassiske utdanning gjer at ho er ein av svært få pianistar som har vore i stand til samstundes å gje ut både jazzplater og klassiske innspelingar på høgt nivå. Men det er som jazzpianist ho har sett sterkast spor etter seg. Det som framfor alt pregar hennar improvisasjonskunst er god smak, ein lyrisk grunntone, og eit sikkert grep om å skapa vel avstemte proporsjonar i bruken av ulike verkemiddel. Spelet er meir prega av velforma logikk i samanhengen mellom tonar og fraser og umiddelbar kontakt med emosjonelle realitetar, enn av utvendig teknisk briljering, endå ho sjølvsagt òg beherskar alle tekniske og harmoniske finesser til fulle.

Teksten er skrevet av pianist og organist Aasmund Brekke som er bosatt i Brasilia.

eliane5

Brasilianske Eliane Elias spiller i Sardinen, USF Verftet 24.oktober.

Resten av programmet kommer i september!